
Vikenhuset på Skei i Jølster kommune. Foto: Hallvard Viken.
Leserbrev:
Takk til Ragnar Kristensen for hans analyse av norsk kulturminnevern i utgave 6 2014 av bladet. Den alvorlege situasjonen må sjåast i samanheng med Jørn Holmes manglande evne til å handle når det trengst.
I 2014 gjorde vi i ei stor interessegruppe i Jølster eit tappert forsøk på å redde eit heilt autentisk hus frå 1930, Vikenhuset i kommunesenteret Skei. Eigaren, Jølster kommune, ville rive det for å etablere ein grasplen ved kommunehuset, og det gjekk prestisje i saka. Fortidsminneforeninga ville ta heile ansvaret for huset, vedlikehalde det med solide planar for framtidig bruk, men Jølster kommune var ikkje til å snu. Hadde Jørn Holme gripe inn med mellombels freding, ville huset vore redde for ettertida. I dag er den verdfulle eigedomen riven, og Jølster har tapt eit hus som både fylkeskommunen, Fortidsminneforeninga og Riksantikvaren sjølv har karakterisert som eit kulturminne av høg verneverdi.
I fleire månader prøvde vi å få ei samtale med Jørn Holme. Han vart kvar gong skjerma av sine underordna; han ville rett og slett ikkje snakke med oss. Dette er høgst kritikkverdig; det må vere ei soleklar plikt for ein riksantikvar å snakke med representantar for interessegrupper når dei ber om det, om ikkje anna enn for å syne dei respekt.
Vi er heilt samde med Ragnar Kristensen; Jørn Holme bør ikkje halde fram som riksantikvar i seks nye år, det har ikkje kultur-Noreg råd til.
Hallvard Viken Jarle Helgheim

Foto: Hallvard Viken