Vern gjennom bruk er det beste vern

norsk-kulturarv_6

Parken ved Dønnes Gard vart laga som engelsk hage på 1800-talet. Her er over 40 gamle staudar, mange typar laukplanter, nyttevekstar og varmekjære tre av ulike slag. Privat foto

Norsk Kulturarv er ein ideell, nasjonal stiftelse som vart oppretta i 1993 med motto ”Vern gjennom bruk”. Organisasjonen er karakterisert gjennom praktisk kulturminnevern på fleire plan, med næringsutvikling, lønnsemd og haldningsskapande arbeid som viktige stikkord.

 

Inger-Lise Skarstein understrekar at summen av kulturhistorisk kvalitet gjeld både materielle og immaterielle element, og at dette så godt som alltid fører til

næringsutvikling, direkte eller indirekte. Ho viser til stortingsmelding 16, 2004–2005, ”Leve med kulturminner”, der eksempel frå EU/EØS viser at kvar krone som blir investert i vedlikehald og rehabilitering av ulike kulturminne til aktiv formidling og bruk, genererer ti kroner tilbake til samfunnet.

AKSJONAR

Gjennom Norsk Kulturarvs aksjonar «Ta eit tak» og «Rydd eit kulturminne», som er gjennomført ei rekkje gonger over heile landet, er det tilført midlar til vedlikehald og rehabilitering av bygningar og kulturlandskap. – Vi er opptatt av å gi økonomisk og faglig bistand til eiere av fredete og verneverdige hus, understrekar Inger-Lise Skarstein. Ho er glad for at «Ta eit tak» hittil har gitt vel 12 mill. kroner til berging av 2000 store og små bygningar over heile landet.

«Rydd eit kulturminne» vender seg i hovudsak til barn og unge. Ved hjelp av bidrag på 3 mill. kroner frånorsk-kulurarv_10Sparebankstiftelsen DnB NOR har rundt 135 000 skuleelevar over heile landet hittil restaurert og rydda ei mengde ulike kulturminne og gjort dei tilgjengelege for folk flest. Barna lærer gjennom praktisk arbeid ute i marka kva eit kulturminne er og kva det betyr både for nåtid og framtid. – Den holdningsskapende effekten av dette er meget stor. Her utdanner vi morgendagens kulturminnevernere, seier Inger-Lise Skarstein. Ho har sjølv besøkt mange plassar og møtt eldsjeler som har engasjert seg i å ta vare på kulturarven i sine nærmiljø, og er stolt av at så mange deltar i aksjonane til Norsk Kulturarv.

Begge desse aksjonane er gjort moglege gjennom bidrag både av privat og offentleg kapital, og Skarstein framhevar at dette på ein framifrå måte illustrerer Norsk Kulturarvs rolle i det aktive kulturminnevernet – ei rolle som veks fram i samarbeid med både privat næringsliv og offentlege styresmakter.

norsk-kulturarv_5

 

 

VERN GJENNOM BRUK

Bygg som blir brukte – og dermed verna frå forfall – har Norsk Kulturarv mange bevis på. Dei rundt 500 aktørane som blir profilert via www.olavsrosa.no, er alle eksempel på at verdiskaping og næringsutvikling skjer gjennom aktiv bruk av kulturarven. Norsk Kulturarvs kulturhistoriske reisehandbok VEIVISEREN, som kjem i nytt opplag i vår, er etterspurt av reiselivsbedrifter og enkeltpersonar. Inger-Lise Skarstein har alltid med seg VEIVISEREN når ho er ute og reiser, og finn som regel tid til å besøkje nye og spennande stader, som utan unntak blir haldne i hevd av dei mange eldsjeler. Alle har ei historie å fortelja, og gjesten får ei oppleving av kulturarven som beint fram ofte kjennest som ei medleving.

Inger-Lise Skarstein deler gjerne alle desse kulturarvopplevingane med lesarane av Gamle Hus & Hager. I særleg grad peikar ho på dei vel hundre som er tildelt Norsk Kulturarvs kvalitetsmerke Olavsrosa. Dette er det einaste nasjonale kvalitetsmerket i sitt slag, eit kvalitetsmerke som heng høgt blant formidlarar av både materiell og immateriell kulturarv. Viktige kriterium som må oppfyllast for å få tildelt Olavsrosa, er at staden må vera eit verdifullt kulturminne, vera tilgjengeleg, og ha ei historie å fortelja. Nokre eksempel på slike stader, som også kan by på spesielle opplevingar i eit særskilt hagelandskap, er Dønnes Gard i Nordland, Solstrand Hotel & Bad i Hordaland, Gamle Hvam i Akershus, Simenstad Gard i Hedmark og Utstein Kloster i Rogaland. – Jeg må spesielt nevne en hage som er noe helt for seg selv – Kongsvold fjellhage, som ligger rett ved siden av Kongsvold Fjeldstue i Sør-Trøndelag. Her var jeg en gang så heldig å få omvisning av professor Olav Gjærevoll – en uforglemmelig opplevelse, seier Inger-Lise Skarstein.

PRISVERDIG ARBEID

Samtidig som det er viktig å utføre ulike tenester i det praktiske kulturvernarbeidet, legg Inger-Lise Skarstein vekt på kor viktig det er å vera synleg i det norske samfunnslandskapet. I tillegg til profilering gjennom medlemsmagasinet Kulturarven og nettportalane www.kulturarv.no, www.olavsrosa.no og www.kulturlandskap.net, deler Norsk Kulturarv ut ein ærespris til personar eller organisasjonar som har utmerka seg spesielt med å ta vare på kulturarven. Æresprisvinnarar dei tre siste år er Nasjonale Turistveger, Harald Grytten frå Ålesund og Engøyholmen Kystkultursenter i Stavanger.

I samarbeid med Landbruks- og matdepartementet og Statens Landbruksforvaltning deler Norsk Kulturarv ut Den Nasjonale Kulturlandskapsprisen. Desse har fått prisen hittil: Hjartdal kommune i Telemark og ordførar Olav Tho, Herand bygdelag i Hordaland og Nordheradprosjektet i Oppland.

Alle desse prisvinnarane representerer på kvar sin måte eldsjelene i norsk kulturminnevern. For styreleiar Inger-Lise Skarstein og organisasjonen Norsk Kulturarv utgjer dei sjølve grunnvollen i vedlikehald og formidling av kulturverdiane våre.

Av Mathias Øvsteng

norsk-kulturarv_4

 

 

 

 

 

 

Riksantikvar Jørn Holme signaliserer aktivt samarbeid med Norsk Kulturarv. Her i munter passiar med Inger-Lise Skarstein under hans besøk i Vågå i vinter. Foto: Mathias Øvsteng

 

 

Comments are closed.